Arbeidsmiljølova skal sikre eit godt arbeidsmiljø, trygge og rettferdige tilsetjingsforhold, eit inkluderandre arbeidsliv og samarbeid mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar.
Folketryglova er ei obligatorisk trygdeordning for alle som er busett i Norge, og inneheld reglar som skal bidra til å sikre inntekt og kompensere for utgifter ved arbeidsløyse, svangerskap og fødsel, sjukdom og skade, uførleik, alderdom og dødsfall.
Løn
Alle tilsette i Stryn kommune er omfatta av hovudtariffavtalen (HTA) som inneheld føresegner mellom anna om lønn og godtgjeringar, lokale forhandlingar, arbeidstid og pensjon.
Hovudavtalen inneheld føresegner om forhandlingsordning, prosedyrar og dessutan arbeidsgivars og tillitsvaldes rettar og pliktar. Hovudavtalen er eit verkemiddel for å sikra samhandling og gode prosessar mellom partane.
Etter HTA kap. 3.2 skal kommunen ha ein lokal lønspolitikk. Lønspolitisk plan for Stryn kommune skisserer rammene for lønspolitikken i kommunen. Planen omfattar også prosedyrer og retningslinjer for dei lokale lønsforhandlingane og gjeld alle tilsette i Stryn kommune.
Pensjon
Tilsette i Stryn kommune har ei av Norge sine beste pensjonsordningar.
På nettsidene til pensjonsselskapa kan du lese om pensjonsordningane og du kan logge deg inn på kundesidene.
SPK og KLP leverer pensjonstenester til Stryn kommune.
Arbeidstid
Med arbeidstid meiner vi den tida arbeidstakaren står til disposisjon for arbeidsgivaren. Den tida kan variere i kommunen, avhengig av tenestestad.
Arbeidstakar sin rett til anna fråvær betalt av arbeidsgjevar
Tilsette kan ha ulike behov for permisjon sett i samanheng med kva livsfase dei er i. Stryn kommune skal ha permisjonsrettar som dekkjer dei tilsette sin behov så langt som råd er og som gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsgjevar.
Ferie
Retten til feriefritid og feriepengar er regulert både i ferielova og HTA.
Ferielova regulerer berre den lovfesta ferien, medan HTA regulerer den avtalefesta ferien, men òg den lovfesta.
Reglar om kompensasjon for tenestereiser utanom ordinær arbeidstid
Ifølgje hovudtariffavtalen kap. 1 §4.7 skal det inngåast avtale om godtgjering/avspasering for reisetid som arbeidstakarar vert pålagd å reise utanom ordinær arbeidstid. Reglementet skal sikre like vilkår for kommunen sine arbeidstakarar.
Reiseregulativ
Følgje av pasient/klient/brukar/elev
Denne særavtalen omfattar m.a. overnattingsturar og ferieturar for brukarar i helse- og omsorgstenesta, psykisk helsevern, barnevern, barnehage, kulturskule og skule og dessutan reise til sjukehus, institusjon o.l. Avtalen gjeld for turar både ved bemanna og ubemanna institusjonar.
Utdanningspolitikk
Stryn kommune er ein attraktiv arbeidsgjevar med god organisasjonskultur som legg til rette for å tiltrekke oss og utvikle kompetente, initiativrike og stolte medarbeidarar.