Frå 11. august til 5. september er det mogleg å førehandsstemme til stortingsvalet. Når du førehandsstemmer kan du stemme i alle kommunar i heile landet, uavhengig av kvar du bur til vanleg.
På valdagen må du stemme i kommunen du er folkeregistrert.
Førehandsstemming Stryn kommune
Stryn kulturhus:
August:
Måndag 18. august - fredag 22. august 12:00 – 16:00
Laurdag 23. august 12:00 – 16:00
Måndag 25. august - fredag 29. august 11:00 - 18:00
Laurdag 30. august 12:00 – 16:00
September:
Måndag 1. september - fredag 5. september 11:00 – 18:00
--------------------------------------
Kommunesenteret, 3. etg Tonningsgata 4:
Servicekontoret er også stemmestad for Sametingsvalet*
August:
Måndag 11. august - fredag 15. august 09:00 – 15:00
Måndag 18. august - fredag 22. august 09:00 – 15:00
Måndag 25. august - fredag 29. august 09:00 – 15:00
September:
Måndag 1. september - fredag 5. september 09:00 – 15:00
--------------------------------------
Vikane omsorgssenter:
Måndag 1. september
kl. 13:00 – 16:00
OPE FOR ALLE!
Krav om legitimasjon gjeld ikkje bebuarar på omsorgssenteret
--------------------------------------
Legitimasjon
Ta alltid med legitimasjon når du skal stemme.
Døme på godkjent legitimasjon er bankkort med bilde, førarkort, også digitalt førarkort og pass.
*Informasjon om Sametingsvalet
Om du er manntalsført og vil stemme ved sametingsvalet må du kontakte ein valmedarbeidar i vallokalet for å få utlevert stemmesetlar.
Sjå meir informasjon om sametingsvalet på Sametinget sine nettsider
Sist endra 14.08.2025 12.08