Tidlegstemming

Tidlegstemming er eit tilbod til deg som ikkje har høve til å stemme i den ordinære førehandsstemmeperioden. Frå 1. juli til 8. august kan du tidlegstemme i kva som helst kommune, dersom du ikkje kan stemme i den ordinære førehandsstemmeperioden eller på valdagen 8. september.

Du treng ikkje vere folkeregistrert i Stryn for å stemme her i tidleg- og førehandsstemmeperioden. Hugs å ta med legitimasjon.