Legitimasjon

Når du skal avgi stemma di, må du ha med legitimasjon. Det er ikke nok å ha med valkort, eller å oppgi namn og fødselsdato. Men ta gjerne med valkortet.

Dersom du er ukjent for røystemottakaren i vallokalet må du legitimere deg. Dette er fordi det skal vere mogleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogleg å stadfeste dette, får du heller ikke avgitt di stemme. Andre personar i vallokalet kan heller ikkje gå god for din identitet. At du tar med deg legitimasjon når du skal røyste er difor viktig.

Gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde. Det er også mogleg å bruke andre former for legitimasjon, men minstekravet er at det må innehalde namn, fødselsdato og bilde

 

Unntak på institusjonar

Det finst berre éin unntaksregel når det gjeld framvising av legitimasjon, og dette er for veljarar som oppheld seg på institusjonar som helse- og omsorgsinstitusjonar og fengsel. Her er det ikkje eit absolutt krav at veljaren må identifisere seg, fordi det kan vere tilfelle der veljar ikkje har legitimasjonspapir tilgjengeleg. I slike tilfelle kan ein tilsett ved institusjonen gå god for veljaren sin identitet. Det er då et vilkår at den tilsette kan legitimere seg.