Manntalet er oversikten over alle som har stemmerett i ein kommune. For å kunne stemme må du stå i manntalet 30. juni i valåret.
Flyttar du til annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på Servicekontoret, Tonningsgata 4, i løpet av veke 27 og blir liggande til og med valdagen.
Kva om eg bur i utlandet?
Er du busett i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, vert du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.
Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje di siste bustadskommune om å verte ført inn i manntalet. Dersom du ikkje nokon gong har vore folkeregisterført som busett i Noreg, skal du søke til Oslo kommune.
Korleis sjekkar eg om eg er manntalsført?
Du kan kontakte den kommunen du sist var registrert i og sjekke utleggingsmanntalet. Utleggingsmanntal er eit manntal som vert gjort offentleg tilgjengeleg der du som veljar har moglegheit til å kontrollere eigne opplysningar, og eventuelt sende inn klage dersom det er feil i manntalet.
Sist endra 13.05.2025 14.25