Barnehagelova ligg til grunn for barnehagemynde si utøving. Kommunen er lokal barnehagemynde, og skal sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med regelverket. Barnehagelova gjeld for kommunale og for private barnehagar.
Barnehagemynde har tre verkemiddel til disposisjon:
- Rettleiing
- Tilsyn
- Godkjenning
Barnehagemynde har som oppgåve å fatte vedtak om godkjenning av barnehagar, handsame søknadar om dispensasjonar og finansiere private barnehagar. I tillegg kjem andre oppgåver som følgje av barnehagelova med forskrifter.
Barnehagemynde kan gje pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege tilhøve ved godkjende, eller godkjenningspliktige verksemder. Avgjerda om å gje pålegg om retting av uforsvarlege tilhøve skal fungere som ein tryggleik. Samt fange opp tilhøve som ikkje er direkte regulert i barnehagelova, men som kan føre til uforsvarlege tilhøve for barna sin trivsel, leik, læring og utvikling i barnehagane.
Å sikre at regelverk vert følgt medfører både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ei plikt til å bruke verkemidla slik at barnehageeigar sin praksis er i samsvar med regelverket. For å sikre rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Stryn kommune, og for å sikre legitimiteten av arbeidet er kommunen si eigarrolle i barnehagesektoren fråskilt frå rolla som barnehagemynde.
For at det skal vere eit best mogeleg samarbeid mellom heim og barnehage bør ein prøve å løyse alle tilbakemeldingar i næraste ledd. Det vil seie at tilbakemeldinga i første omgang kan bli gitt til pedagogisk leiar på avdelinga. Dersom ein ikkje opplever at saka vert løyst kan foreldre/føresette ta kontakt med styrar i barnehagen. Det er barnehagen sin styrar som er ansvarleg for tilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre/føresette.
Dersom det gjeld generelle forhold i barnehagen, kan ein og ta det opp med barnehagen sitt samarbeidsutval. Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval som er sett saman av representantar frå foreldre og tilsette i barnehagen, samt ein representant frå barnehageeigar.
Stryn kommune har ansvar for tilsyn av kommunale og private barnehagar.
Statsforvaltaren er klageinstans.
Ønskjer du å gå vidare med klagen, send den til
barnehagemynde i Stryn kommune ved Jon B Nesje.
Send klagen via postmottak@stryn.kommune.no
Sist endra 29.10.2024 10.11