Opplever du, eller veit du om nokon som ikkje har det trygt eller godt på skulen?
Meld frå om mobbing eller andre forhold som påverkar trivsel og tryggleik.
Her finn du informasjon frå Utdanningsdirektoratet til barn, unge og føresette om mobbing og rettar
Retningsliner ved krenkande åtferd
Skulane har retningsliner for korleis saker skal handterast når ein får mistanke om, eller kjennskap til, krenkande åtferd. Dei same retningslinene gjeld dersom skulen får melding om ønskje om tiltak knytt til det fysiske eller psykososiale skulemiljøet, trivsel eller tryggleik.
Samarbeid mellom heim og skule
for dei under 18 år
Samarbeid mellom heim og skule er nødvendig og svært viktig i saker som vedkjem eleven sitt skulemiljø, trivsel og tryggleik. Føresette er representerte i skulemiljøutvala og medverkar på den måten til å fremje gode og trygge skulemiljø. Skulane legg òg til rette for god dialog med føresette i konkrete elevsaker.
Er du uroa for skulemiljø, trivsel eller tryggleik?
Trykk her for å gå til skjemaet Melding om mobbing i skulen
Meld frå om skulemiljø, trivsel og tryggleik
Her kan du melde frå dersom du sjølv opplever noko, eller er uroa for forhold som gjeld trivselen til ein elev, tryggleiken eller skulemiljøet. Det kan til dømes handle om mobbing, utestenging, mistrivsel eller andre forhold knytt til skulekvardagen.
Meldinga går til skulen ved rektor, som har ansvar for å følgje opp saka og vurdere vidare tiltak. Dersom meldinga gjeld forhold som høyrer til andre tenester, vil skulen bidra til å lose saka vidare til rett instans.
Tenesta er meint som eit lågterskeltilbod for å melde frå om forhold i skulekvardagen, og er ikkje meint for akutte situasjonar eller som erstatning for helsehjelp.