Brukarskule for personar med demens - Stryn kommune

Brukarskule for personar med demens

Hukommelsesteamet i Stryn kommune arrangerer brukarskule i samarbeid med Stryn demensforeining, Frivilligsentralen og Røde Kors Omsorg. Brukarskulen er eit tilrettelagt tilbod for personar som nyleg har fått ein demensdiagnose.

Når ein person får ein demenssjukdom, vil dette påverke kvardagen. Det kan oppstå situasjonar som er vanskelege å meistre, og mange har behov for meir kunnskap om sjukdomen og den nye livssituasjonen. Fleire saknar òg ein møteplass der dei kan treffe andre i same situasjon.

Brukarskulen skal vere ein trygg og sosial arena der deltakarane får:
• Kunnskap om demenssjukdomen og moglege endringar
• Støtte til å nytte eigne ressursar lengst mogleg
• Råd og rettleiing for meistring i kvardagen
• Høve til å møte andre i same situasjon og dele erfaringar
• Stimulering og vedlikehald av kognitive og fysiske funksjonar

Det blir lagt vekt på meistring, aktivitet og gode samtaler.

Kven kan delta?
Tilbodet er for heimebuande personar med demens i tidleg fase som ønskjer å lære meir og vere aktive deltakarar i eiga helse. Det er plass til åtte deltakarar.

Oppstart av den første brukarskulen var 23.03.2026. Kurset går over åtte samlingar og blir leia av fagpersonar med kompetanse innan demens.

Ta kontakt med leiar i hukommelsesteamet, Anita Skarstein tlf: 94 82 59 79, for informasjon om neste kurs.

Artikkelliste