Frå 2025 har nasjonale myndigheiter innført vaksenvaksinasjonsprogram (VVP). Dette inneber tilbod om enkelte vaksiner til personar over 65 år og barn og voksne i risikogrupper.
Influensvaksine er tilgjengelig ein gong i oktober, og gjennomføring av VVP vil skje i tidsrommet oktober-desember.
Følgjande vaksiner er aktuelle i vaksenvaksinasjonsprogrammet:
Influensa kan gje alvorleg forløp og også medføre forverring av kroniske sjukdommar. Influensavirus endrar seg og det må difor gjevast ny oppdatert vaksine årleg. Denne anbefalast til personar over 65 år og til personar med underliggande sjukdom. Les meir om kven som bør vaksinere seg mot influensa
Stryn kommune tilbyr vaksinen på hausten til dei definerte risikogruppene på massevaksinasjonsdagar og hos fastlegane.
Personar over 65 år og risikogrupper må betale for vaksinen.
Koronavaksine er anbefalt til dei som er i fare for alvorleg koronasjukdom. Denne anbefalast til personar over 75 år og personar med underliggande sjukdom. Les meir om kven som bør vaksinere seg mot korona
Personar 65-74 som ikkje tilhøyrer risikogruppe får også tilbod om vaksinen.
Stryn kommune tilbyr vaksinen på drop-in om hausten til dei definerte risikogruppene og hos fastlegane.
Personar over 65 år og risikogrupper skal berre betale for administrering av vaksinen.
Alle personar over 65 år er anbefalt vaksine mot pneumokokksjukdom. I tillegg er det nokre med underliggande sjukdommar der legen din vil vurdere om du bør ha vaksinen.
Les meir om kven som bør ha pneumokokkvaksine
Foreløbig er det berre personar som fyller 65 år det aktuelle året som er inkludert i vaksenvaksinasjonsprogrammet og får den gratis (må berre betale for administrering av vaksinen). Øvrig befolkning må framleis betale for sjølve vaksinen i tillegg til administrering.
Vaksinen i VVP er Prevenar 20. Denne har foreløpig ingen anbefaling om oppfriskningsdose på (anteken livslang beskytting)
Tidlegare år har vi berre hatt tilgjengelig Pneumovax. Denne må oppfriskast kvart 6 år for å ha tilstrekkelig effekt.
Dersom du har tatt Pneumovax tidlegare kan du ta Prevenar 20 seinare. Det må då gå minst eitt år mellom dei to vaksinene.
I tillegg vil det vere enkelte andre vaksiner som er anbefalt for vaksne personar:
Denne vaksinen er anbefalt oppfriska kvart 10. år for beskytting. I Norge får ein denne i barnevaksinasjonsprogrammet siste gong når ein er ca 15 år (10. trinn).
Oppfriskning bør dermed reknast frå ein er ca 25 år.
Vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar anbefalast dersom du ikkje har fått denne i barnevaksinasjonsprogrammet eller gjennomgått sjukdom. Det krevst ikkje oppfriskningsdose, så dersom du har fått vaksinen som barn treng du ikkje denne på ny.
Helvetesild kan ramme dei som har gjennomgått vannkoppar. Normalt er ikkje helvetesild farleg og går over av seg sjølv, men kan vere smertefullt, og for somme gje langvarige smerter. Folkehelseinstituttet har ikkje utarbeidd særskilde anbefalingar om bruk av vaksinen. Den kan tilbydast til personar over 50 år som har gjennomgått vannkoppar, og vaksne over 18 år med auka risiko for helvetesild. Personar som ikkje hugsar om dei har hatt vannkoppar kan også vaksinerast.
Les meir her: Varicellavaksine (vannkopper), herpes zoster-vaksine (helvetesild) og varicella-zoster immunglobulin - FHI
Sist endra 26.09.2025 14.32