Førebyggande arbeid for barn og unge

Stryn kommune skal vere ein god stad å bu - for alle, heile livet. 

Stryn kommune jobbar tverrfagleg for å styrke det førebyggjande arbeidet for barn og unge gjennom tidleg innsats, inkludering og tverrfagleg samarbeid. 

Styringsgruppa for barn og unge er sett saman av kommunalsjef helse og sosial, kommunalsjef oppvekst, kommuneoverlege og kultursjef. Førebyggande 

 

Tilskot frå Bufdir til førebyggande arbeid for barn og unge

Stryn kommune har fått tildelt 644 000 kroner frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til førebyggande arbeid for barn og unge i 2026.

Midlane skal bidra til å styrkje kommunen sitt arbeid med tidleg innsats, psykisk helse, inkludering og deltaking for barn og unge. Målet er at fleire skal oppleve meistring, tilhøyrsle og gode oppvekstvilkår.

Kva skal midlane nyttast til?

Tidleg innsats og foreldrestøtte

Ein stor del av tilskotet blir nytta til å styrkje kommunen si satsing på TIBIR (Tidleg innsats for barn i risiko). Gjennom kompetanseheving og opplæring skal tilsette få fleire verktøy for å støtte barn og familiar tidleg, før utfordringar utviklar seg til større problem.

Psykisk helse og sjølvmordsførebygging

Kommunen vil vidareutvikle kompetansen innan psykisk helse og sjølvmordsførebygging gjennom kurs og opplæring for tilsette som arbeider med barn og unge. Målet er å sikre at barn og ungdom som treng støtte blir fanga opp og møtt på ein god måte.

Integrering og inkludering

Kommunen skal vidareutvikle aktivitetar som styrkjer integrering og deltaking for barn, unge og familiar med ulik bakgrunn. Sosiale møteplassar og felles aktivitetar bidreg til å skape tilhøyrsle og fellesskap.

Aktivitetar og møteplassar

Kommunen skal vidareutvikle aktivitetstilbod og møteplassar for barn, unge og familiar. Dette omfattar mellom anna styrking av fritidskontaktordninga og arbeid for at fleire skal få moglegheit til å delta i sosiale, kulturelle og fysiske aktivitetar.

Eit felles mål

Gjennom desse tiltaka ønskjer Stryn kommune å bidra til at alle barn og unge får gode moglegheiter til å utvikle seg, delta i fellesskapet og oppleve meistring i kvardagen.

Satsinga støttar opp under kommuneplanen sitt mål om at Stryn skal vere ein god stad å bu for alle – heile livet.