Bygginga av postvegen
Visste du at delar av Den trondheimske postvegen ligg i Stryn? Sjølv om vegen er over 200 år gamal, finn ein fleire godt bevarte trasear som ein kan ferdast langs. Postvegen vart bygd på slutten av 1700-talet for å korte ned tida det tok å sende post mellom Bergen og Trondheim. På den tida måtte posten nemleg innom Oslo før han vart sendt nordover, noko som tok unødvendig lang tid og var kostnadskrevjande.
Etter om lag 24 år med arbeid stod den nye postvegen ferdig. I all hovudsak var det lokale bønder som utførte arbeidet med å byggje vegen. I det krevjande vestlandslandskapet gjekk postvegen gjennom ulendt terreng og med båt over fjordane. Det var strenge krav til standard, og vegen skulle vere farbar heile året.
Utfordrande vestlandslandskap
I Stryn går postvegen over Utvikfjellet og ned til Utvik. Ettersom postvegen er bygd etter fransk prinsipp, der vegen skulle vere så rett som mogleg, er denne delen nokså bratt. Nede ved Utvik heldt postvegen fram med båt over til Faleide. I si tid vart det om lag éi mil lange strekket tilbakelagt med robåt. Frå Faleide går vegen vidare til Markane i til dels bratt lende.
Opplev postvegen i dag
Sjølv om Den trondheimske postvegen vart lagd ned i 1867, er dette framleis ein flott veg å ferdast langs. Det er sterkt tilrådd å ta turen frå Faleide til Øyebakken. Dette er eitt av dei best bevarte strekka på postvegen og byr på spennande kulturhistoriske innslag.
Meir informasjon om postvegen
Meir informasjon om postvegen i gamle Sogn og Fjordane
Meir informasjon om postvegen i Stryn
