Stryn idrettsråd

Fagråd for idretten i Stryn kommune

Idrettsrådet er eit fellesorgan for all idrett i Stryn kommune som er organisert i Norges Idrettsforbund (NIF). Idrettslag med medlemskap i NIF blir automatisk medlem i idrettsrådet i kommunen.

Stryn idrettsråd skal arbeide for best mogleg vilkår for idretten i kommunen og vere ein arena for samarbeid mellom laga og kommunale myndigheiter og mellom laga og idrettskrinsen. Idrettsrådet er idretten sitt talerøyr inn mot kommunen i saker som angår idretten, og skal gjere prioriteringar på vegne av idrettslaga.

 

Stryn idrettsråd 2024

Stryn idrettsråd tel i dag 15 medlemslag, med til saman 2435 medlemmer.

Styret: 
Gunnar Harstad, leiar - Oppstryn IL
Terje Raftevold, nestleiar - Vikane IL
Per Øen, sekretær - Markane IL
Eivind Arne Tonning, kasserar - Stryn pistolklubb
Jan Endre Nesdal, styremedlem - Stryn turn- og idrettslag
Monica Beate Hesjedal, styremedlem - Stryn turn- og idrettslag
Hans Petter Galtung, vara (møter fast) - Olden IL