Plan for bruk av tilskot – Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge 2026 – Stryn kommune
Utfordringsbilde
Tiltaka er valde på bakgrunn av kjende lokale utfordringar og prioriteringar frå kommunen si styringsgruppe for barn og unge. Tiltaka skal bidra til å styrkje det førebyggande arbeidet for barn og unge i Stryn kommune, og er forankra både i måla for Bufdir si tilskotsordning og i kommuneplanen sin samfunnsdel «Fagre Stryn 2.0».
Tiltak, mål og ressursbruk
Tiltak Beløp Forventa effekt Delmål Bufdir Forankring Fagre Stryn 2.0
TIBIR (Tidleg innsats for barn i risiko).
Utdanne rådgjevarar i oppvekst og TBIR kr 320 000
Tidleg identifisering av utfordringar hos barn og familiar, styrkt foreldrestøtte og redusert behov for meir omfattande tiltak seinare.
Styrkje kommunen sitt førebyggande arbeid, fremje tidleg innsats og bidra til at barn og unge ikkje fell utanfor
Sikre eit godt psykososialt oppvekstmiljø for barn og unge.
Riktig hjelp til riktig tid.
Gode oppvekstvilkår skaper grunnlaget for helse og trivsel gjennom heile livet
Sjølvmordsførebygging retta mot barn og unge. kr 60 000
VIVAT og OPS-kurs gjennom RVTS.
Auka kompetanse hos tilsette, betre identifisering av risiko, styrkt oppfølging av ungdom i sårbare livssituasjonar og betre psykisk helse.
Fremje psykisk helse, redusere risiko for utanforskap og styrkje det førebyggande arbeidet for barn og unge.
I Stryn har innbyggarane gode og trygge liv. Sikre eit godt psykososialt oppvekstmiljø for barn og unge.
Førebygge kriminalitet, vald og ulukker.
Integrering og inkludering kr 16 000
Aktiviteter for flyktningar for å styrke integrering og inkludering
Auka deltaking i lokalsamfunnet, sterkare tilhøyrsle, mindre utanforskap og betre inkludering av barn og unge med ulik bakgrunn.
Utjamne sosiale forskjellar, styrkje deltaking og førebygge utanforskap.
Stryn har levande og inkluderande lokalsamfunn. Utjamne sosial ulikskap og skape like moglegheiter for alle. Forhindre einsemd og utanforskap.
Aktivitetar og møteplassar for barn og unge og deres familier. kr 249 000
Styrke støttekontaktordnina (fritidskontakt) og utvikle møteplasser.
Auka sosial deltaking, meistring, fysisk aktivitet og fellesskapskjensle. Redusert risiko for einsemd og utanforskap.
Universelle førebyggande tiltak for alle barn og unge, styrkt deltaking og inkluderande oppvekstarenaer.
Utvikle og utbetre møteplassar i lokalmiljøet, stimulere til og støtte opp om tilbod knytt til kultur og frivilligheit, sikre tilgjengeleg areal for organisert og uorganisert aktivitet,
Oppaummering:
Gjennom satsing på TIBIR, sjølvmordsførebygging, integrering og aktivitetstilbod for barn og unge bidreg planen til å styrkje tidleg innsats, psykisk helse, inkludering og deltaking. Tiltaka støttar opp under samfunnsmålet «Stryn – ein god stad å bu for alle heile livet» og dei tilhøyrande måla om gode oppvekstvilkår, inkluderande lokalsamfunn og førebygging av utanforskap.