Forslag til vegnamn Hydla 4 – lokal høyring

Stryn kommune skal vedta namn på to nye vegar for å kunne tildele offisielle vegadresser til hyttetomtene som har tilkomst frå desse. Frist for innspel til forslag på vegnamn er 30.09.2024.

Vegnamna som er ute på høyring er:

Veg 1196 : Brattekleiva
Vegen (V2) går i nytt hyttefelt i reguleringsplan Hydla 4 i Stryn. Brattekleiva er eit stadnamn som er registrert i fylkesarkivet i området der den nye vegen går. Teikna med raud farge på kart under.

Veg 1200: Hamrane
Vegen (V3) går i nytt hyttefelt i reguleringsplan Hydla 4 i Stryn. Hamrane er eit stadnamn i området der den nye vegen går. Teikna med blå farge på kart under.
 

Kart vegnamn Hydla 4

 

Namnenemnda handsama dei føreslegne vegnamna i møte 14.12.2023 og bestemte at dei skulle leggast ut på lokal høyring.
Språkrådet har i brev datert 12.01.2024 skrive at så langt dei kan sjå er det tilrådeleg å nytte Brattekleiva og Hamrane på desse vegparsellane.

Har du anna forslag til namn kan du sende innspel om dette.
Høyringsinnspel sendast til postmottak@stryn.kommune.no eller Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn. 

Frist innan 30.09.2024.