Kva skal vegen heite?

Vi har nokre vegar i Tindegrenda, Tonningskamben og Solvik som skal namnsetjast. Har du gode forslag til namn på vegane? Forslag til namn bør vere lokaliserande, det kan ikkje vere likt andre vegnamn i kommunen og ein bør unngå å nytte vegnamn som er i bruk i nabokommunane. Frist til å kome med forslag er 7. mai.

TINDEGRENDA:

Tindegrenda hyttefelt ligg i Stryn ikkje langt frå Stryn skisenter, nord for Hydla hyttefelt og vest for Vikaelva og Bøanedsetra hyttefelt.

 

Kart over Tindegrenda hyttefelt. - Klikk for stort bilete

 

Veg 1257: Raud farge. Hovudvegen i tindegrenda hyttefelt

Veg 1258: Blå farge.  Veg SKv4 i Tindegrenda. Går frå Tomt 31 til tomt 18

Veg 1259: Gul farge. Veg SKv5 i Tindegrenda. Går frå Tomt 32 til tomt 19

Veg 1260: Grøn farge. Veg Skv7 i Tindegrenda. Går frå tomt 68 til tomt 93/86

Veg 1261: Lilla farge. Veg Skv6 i Tindegrenda. Går frå tomt 68 til tomt 74

 

TONNINGSKAMBEN:

Bustadfeltet Tonningskamben ligg på Tonningskamben nord for Stryn sentrum, vest for Hogane og Kreklingen.

Kart over Bustadfeltet Tonningskamben  - Klikk for stort bilete

Veg 1262: Raud farge.  Hovudveg kv1 i Tonningskamben

Veg 1263: Grøn farge. Veg kv2 i Tonningskamben

Veg 1264: Blå farge. Veg kv3 i Tonningskamben

Veg 1265: Gul farge. Veg kv4 og 5 i Tonningskamben

 

 

SOLVIK:

Bustadfeltet i Solvik ligg 1,5 km vest for Loen sentrum

Kart over Bustadfeltet i Solvik  - Klikk for stort bilete

Veg 1266: Raud farge. Veg Skv2 frå Fv 60 til Oppheimsvegen

Veg 1267: Blå farge.  Veg Sv 2 Solvik

Veg 1268: Grøn farge. Veg Sv1 Solvik

 

Forslag til vegnamn sender du til postmottak@stryn.kommune.no 
eller Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.

Merk kva veg du sender forslag på og gjerne skriv litt om kvifor namnet passar som vegnamn på denne vegen.

Frist til å kome med forslag 07.05.2025.