Om oppskyting av fyrverkeri

Oppskyting på nyttårsaftan

Nyttårsaftan er det lov å skyte opp fyrverkeri mellom kl 18.00-02.00 uten å søkje

Oppskyting utanom nyttårsaftan

Dersom du ønskjer å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsaftan, til dømes i samband med feiring av bursdagar eller jubileum, må du søkje politiet om løyve til oppskyting av fyrverkeri. 
Lenke til søknad her

Dette må du ta omsyn til dette når du skal bruke fyrverkeri

  • Vêr- og vindtilhøve
  • Generell brannfare
  • Oppskyting skal føregå på ein open plass, i trygg avstand frå bygningar og bilar
  • Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skadd og hugs verneutstyr
  • Fyrverkeri skal ikkje handterast av born eller rusa personar
  • Sjølv om lunta ser ut til å vere sløkt, kan det framleis vere ei lita glo som brenn. Fyrverkeri som ikkje tek fyr på første forsøk, bør derfor står i 30 minutt og så dynkast i vatn før det blir fjerna. Deretter skal det oppbevarast på ein trygg stad før det leverat tilbake til forhandlar.