Søknad om sal og midlertidig oppbevaring

Den som ynskjer å selje fyrverkeri i tidsrommet 27. - 31. desember, må søkje om løyve til dette. Søknadsfristen for å søkje om sal og oppbevaring av fyrverkeri kategori 2 og 3 er 1. mai. 

Søknader som kjem inn etter denne datoen, vil ikkje bli behandla

Brannvesenet krev ein fullstendig søknad kvart år. Søknader med store manglar vert ikkje behandla. Brannvesenet gjev løyve til midlertidig oppbevaring av fyrverkeri i mengder opp til og med 500 kg netto eksplosiv innhold (NEI). 

Frå 2025 skal ikkje søknader lenger sendast på e-post,  men må fyllast ut elektronisk, og alle vedlegg skal lastast opp i søknaden. Sjå liste over kva vedlegg som skal vere med.

Krav om vedlegg

I søknaden må du laste opp vedlegg i jpg- eller pdf-format. Du må difor ha desse ferdig laga og tilgjengelege på PC-en din før du byrjar å fylle ut skjemaet. Dokumenta du må laste opp er: 

  1. Firmaattest (ikkje eldre enn 1 år) 
  2. Skisse over lagring (container) og salsstad (ved utandørs salsstad). Skissa skal innehalde alle gjeldande avstandskrav og avsperringar Sjå døme på skisse(PDF, 556 kB)
  3. Ved sal i butikk (innandørs): Oversikt/teikning av salsstaden. 
    Ved sal innandørs må det foreligge ei planteikning som syner bygninga med innteikna brannceller/seksjonering, plassering av salsstad, branntekniske installasjonar (brannalarmanlegg, sløkkjeustyr, rømmingsveg og liknande.) og eventuelt brannfarlege varer. Ved bruk av branntrygt rom, må det foreligge ei brannteknisk vurdering av rommet 
  4. Risikovurdering av sal av pyrotekniske varer frå di forretning.  
    Sjå døme på risikovurdering(PDF, 103 kB)
  5. Handlingsplan ved sal av pyrotekniske varer frå di forretning.  
    Sjå døme på handlingsplan(PDF, 105 kB)
  6. Rutiner ved retur av kjøpte varer. 
    Sjå døme på rutine for retur(PDF, 62 kB)
  7. Kompetansebevisa til ansvarleg seljar (særskilt utpeika person) og eventuelle stadfortredarar
  8. Tillating frå grunneigar
     

Søknad

Gå til søknadskjema for sal av fyrverkeri