Unnateke frå søknad
Våtrom er unnteke frå søknad ved:
- ombygging av våtrom i eksisterande bygg innanfor éi brukseining
- bygging av nytt våtrom i eksisterande bygg innanfor éi brukseining
- ombygging og bygging av fleire våtrom i ulike brukseiningar (til dømes i bustadblokker), så lenge arbeida ikkje rører skiljet mellom brukseiningane (at brannskilja ikkje blir brotne)
Søknad med ansvar
Dersom arbeida bryt skiljet mot ei anna brukseining (brannskilje eller lydskilje), må det sendast inn søknad. Dette gjeld òg ved reparasjon etter vasskade.
Bygging av våtrom i nybygg følgjer søknadsplikta for nybygg og inngår i søknaden med krav om ansvarlege føretak for nybygget. Våtrom i nytt tilbygg over 50 m² følgjer òg søknadsplikta med krav om ansvarlege føretak.
Ansvar og skadar
Når byggjearbeid i våtrom ikkje lenger alltid er søknadspliktige, er eigaren ansvarleg for at våtrommet oppfyller krava i forskriftene. Særleg viktig er krava til membran og fuktsikring. Føretak som utfører byggjearbeida, har eit privatrettsleg ansvar for arbeidet sitt, men er ikkje ansvarlege overfor bygningsstyresmaktene i kommunen.
I bustadblokker kan det vere nødvendig å hente inn kvalifiserte fagfolk for å vurdere om arbeida held seg innanfor éi brukseining (ikkje bryt branncella), til dømes ved utskifting av sluk. Vi tilrår generelt at ein alltid nyttar kvalifiserte fagfolk ved rehabilitering av bad.
Dei mest alvorlege skadane i våtrom kjem av lekkasjar frå innstøypte røyr og fuktskadar som følgje av utettleikar i vegger og golv. Desse skadane er ikkje alltid synlege. Ved ombygging må årsaka til fuktskadane fjernast, og alt materiale som er skadd av fukt, må fjernast.
Eldre bad vart ikkje bygde for å tole dei store påkjenningane bad blir utsette for i dag, verken når det gjeld fuktmotstand, vasstettleik eller ventilasjon. Å fjerne badekaret og dusje rett på golvet fører ofte til lekkasjar. Dette må ein ta omsyn til ved ombygging av eksisterande bad.