Badstover har lange tradisjonar i Norge, og dei siste åra har interessa for frittståande badstover auka mykje. Skal du etablere ei offentleg tilgjengeleg badstove, er det viktig å kjenne til regelverket.
Slik går du fram
Her er dei viktigaste krava du må vere merksam på:
- Søknadsplikt: Alle badstover krev søknad og løyve frå kommunen. Dette gjeld både permanente badstover og mellombelse badstover som skal stå i meir enn to månader.
- Plassering: Badstova må plasserast i tråd med kommunen sine arealplanar og byggjegrenser. Du må òg ha løyve frå grunneigaren.
- Utforming: Badstova skal ha gode visuelle kvalitetar og vere tilpassa landskapet og omgjevnadene.
- Meldeplikt: Er badstova offentleg tilgjengeleg, skal ho meldast til kommuneoverlegen for miljøretta helsevern.
Meir informasjon
Utgreiinga frå Holth og Winge gir ei god oversikt over regelverket og kva du må ta omsyn til når du skal søkje om å byggje og setje opp ei offentleg tilgjengeleg badstove.
Les om regelverket for etablering av offentleg tilgjengelege badstover her (PDF, 826 kB)
Sist endra 14.09.2026 15.14