Biloppstillingsplass og parkeringsplass
Etablering av parkeringsplass eller biloppstillingsplass på ubebygd areal må vere i samsvar med gjeldande arealplanar for området.
Unnateke frå søknadsplikt
Desse tiltaka er unnateke søknadsplikt:
- Intern veg på eiga tomt.
- Biloppstillingsplassar til bruk på eiga tomt som ikkje krev vesentlege terrenginngrep.
Det er ein føresetnad at ute- og opphaldsareal blir tekne vare på når ein opparbeider biloppstillingsplass.
Søknad med ansvarleg føretak
Desse tiltaka krev søknad med ansvarleg føretak:
- Andre vegar.
- Større parkeringsplassar.
- Biloppstillingsplassar eller parkeringsplassar der det er nødvendig med større terrenginngrep.
Krav til parkeringsdekning
Krav til tal parkeringsplassar går fram av gjeldande reguleringsplan eller kommunedelplan for eigedomen. Dersom planen ikkje har eigne føresegner om parkering, blir behovet vurdert i byggjesaka etter plan- og bygningslova og kommunen sine gjeldande krav.
Sist endra 16.09.2026 18.57