Bruksendring

Bruksendring betyr å endre bruken av eit rom frå eitt lovleg føremål til eit anna. Ei slik endring kan vere søknadspliktig og krevje løyve frå kommunen.

Kva er hovuddel?

Hovuddel er dei delane av bustaden du bruker til å bu og opphalde deg i, i tillegg til gangar og trapper mellom desse romma.

Døme på rom som er hovuddel:

  • Stove
  • Kjøkken
  • Soverom
  • Bad
  • Vindfang
  • Entré
  • Gangar mellom opphaldsrom

Kva er tilleggsdel?

Tilleggsdel er delar av bustaden som ikkje er meinte for varig opphald, til dømes:

  • Bod
  • Lagerrom
  • Andre oppbevaringsrom

Når må du søkje om bruksendring?

Direktoratet for byggkvalitet har laga ein rettleiar som gjer det enkelt å finne ut om du må søkje kommunen. Rettleiaren gjeld dersom du skal endre bruken av eitt enkelt rom utan å flytte veggar eller dører.

Du må søkje kommunen om løyve til bruksendring når:

  • Eit byggverk skal takast i bruk til noko anna enn det det opphavleg vart godkjent eller lovleg brukt til. Det same gjeld dersom bygget blir tilrettelagt for annan bruk.
  • Du vil gjere om bod, vaskerom eller liknande til soverom, stove eller anna opphaldsrom (frå tilleggsdel til hovuddel) innanfor ei eksisterande bustadeining.
  • Du vil endre bruken av uteareal, til dømes frå parkeringsareal til uteopphald eller serveringsområde.
  • Bruksendringa er mellombels eller varig.

Søkje sjølv

Du kan søkje sjølv dersom du skal gjere om bod eller vaskerom til soverom, stove eller liknande (frå tilleggsdel til hovuddel) innanfor den eksisterande bustaden.

Dette føreset at du ikkje gjer søknadspliktige inngrep i berande konstruksjonar, til dømes ved å senke golvet i kjellaren.

Når du berre gjer innvendige endringar i din eigen bustad, treng du ikkje varsle naboane. Søkjer du sjølv, har du ansvar for at tiltaket oppfyller alle krava i byggeregelverket.

Du kan søkje ved å bruke skjemaet «Tiltak utan ansvarsrett»

Søkje med hjelp frå fagfolk

Du må bruke ansvarleg føretak når du skal:

  • Etablere ei ny, sjølvstendig bustadeining, til dømes ein utleigebustad.
  • Endre bruken frå til dømes kontor til bustad eller frå bustad til forretning.
  • Gjere endringar i berande konstruksjonar, til dømes senke golv i kjellar, heve tak eller flytte berande veggar.
     

Direktoratet for byggkvalitet har også ei god informasjonsside der du kan få svar på spørsmål om bruksendring i bustaden  din