Dispensasjon

Ein dispensasjon er eit unntak frå reglane. Dersom du ønskjer å gjennomføre eit tiltak som er i strid med plan- og bygningslova, forskrifter eller gjeldande planar, må du søkje kommunen om dispensasjon. Ein dispensasjon gjeld berre for det konkrete tiltaket du søkjer om.

Når må du søkje om dispensasjon?

Du må søkje om dispensasjon dersom tiltaket mellom anna:

  • går utover tillaten byggehøgd pbl. § 29-4, 
  • overskrid tillaten utnyttingsgrad (% BYA)
  • ikkje er i samsvar med reguleringsplan eller kommuneplan, til dømes takform, takvinkel, type bygg
  • blir plassert utanfor byggegrenser eller i strid med avstandskrav
  • avvik frå krav til takform, takvinkel eller anna utforming
  • blir plassert i 100-metersbeltet langs sjøen i strid med gjeldande reglar
  • krev unntak frå krav om reguleringsplan
     

Når kan kommunen gje dispensasjon?

Kommunen kan berre gje dispensasjon dersom begge desse vilkåra er oppfylte:

  1. Omsyna bak regelen det blir søkt dispensasjon frå, eller formålet med plan- og bygningslova, ikkje blir vesentleg sette til side.
     
  2. Fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene.
     

Det er du som søkjer som må grunngje kvifor vilkåra er oppfylte.
 

Kva blir lagt vekt på?

Kommunen gjer ei konkret vurdering i kvar enkelt sak. Mellom anna blir det lagt vekt på:

  • konsekvensar for helse, miljø og tryggleik
  • omsyn til jordvern, natur og friluftsliv
  • naboar og allmenne interesser
  • om tiltaket er i tråd med overordna planar

Personlege forhold, som plassbehov, familieforhold eller økonomi, vil som regel ikkje vere tilstrekkeleg grunn for å få dispensasjon.
 

Kva skal søknaden innehalde?

Søknaden må vere skriftleg og forklare kvifor du søkjer om dispensasjon. Legg ved:

  • kva regel eller plan du ønskjer dispensasjon frå
  • skildring av eigedomen og tiltaket
  • grunngjeving for kvifor dispensasjon bør gjevast
  • situasjonskart
  • nabovarsel, eventuelle merknader og kvittering for at naboar er varsla
  • Kor lenge dispensasjonen skal gjelde
     

Du kan sende dispensasjonssøknaden saman med søknaden om sjølve tiltaket.
 

Kor lenge gjeld ein dispensasjon?

Ein dispensasjon gjeld berre for det tiltaket det er gitt løyve til.

Dersom tiltaket ikkje er sett i gang innan tre år etter at løyvet er gitt, fell både løyvet og dispensasjonen bort. Det same gjeld dersom arbeidet blir stoppa i meir enn to år.
 

Aktuelle lenker

Lovverk

Aktuelle lenker