Driftsbygning i landbruket

Ei driftsbygning er ei bygning som er nødvendig for drifta av ein landbrukseigedom. Dette kan vere bygningar til jordbruk, husdyrhald, skogbruk, hagebruk, gartneri, reiskapshus eller anna stadbunden næring.

Driftsbygningar kan vere søknadspliktige etter plan- og bygningslova. I område som er sette av til LNF (landbruk, natur og friluftsliv), er det berre tillate å føre opp bygningar som er nødvendige for landbruk eller anna stadbunden næring.

Unnteke frå søknadsplikt

Mindre frittståande bygningar som er knytte til landbruksdrifta, kan vere unnateke frå søknadsplikt.

Dette gjeld bygningar på inntil 15 m² bruksareal (BRA) som blir brukte i landbruksdrifta, til dømes:

  • vedskjul
  • ly for beitedyr
  • mindre lagerbygg

Les meir:

Når må du søkje?

Du kan sjølv søkje om:

  • oppføring, plassering, vesentleg endring, vesentleg reparasjon eller riving av driftsbygning på inntil 1 000 m² BRA
  • tilbygg dersom samla bruksareal etter utvidinga ikkje overstig 1 000 m² BRA
  • eitt enkelt tilbygg på inntil 50 m², også dersom den totale bygningen er større enn 1 000 m²
     

Større driftsbygningar skal prosjekterast og søkjast av ansvarleg føretak.

Ved nye driftsbygningar med husdyr må søknaden også vise korleis husdyrgjødsel skal lagrast og handterast.
 

Krav i kommuneplanen

Ved plassering av ny landbruksbebyggelse blir mellom anna desse omsyna lagde til grunn:

  • Bygningar skal så langt mogleg ikkje plasserast på dyrka mark dersom det finst alternativ.
  • Plasseringa skal tilpassast kulturlandskapet og ta omsyn til naturmangfaldet.
  • Ny landbruksbebyggelse bør samlast med eksisterande tun og bygningar.
  • Innanfor 100-metersbeltet langs sjøen blir ny landbruksbebyggelse berre tillaten dersom det ikkje finst andre eigna plasseringar.
     

Sjå punkt 3.1 i kommuneplanen sin arealdel for fullstendige føresegner.
 

Kva skal søknaden innehalde?

Søknaden bør innehalde:

  • søknad om tiltak utan ansvarleg føretak (dersom bygningen er under 1 000 m²)
  • situasjonsplan
  • målsette teikningar
  • nabovarsel med kvittering
  • eventuelle merknader frå naboar og dine kommentarar
  • søknad om dispensasjon dersom tiltaket er i strid med gjeldande planar
     

Kvar blir søknaden behandla?

Byggesaksavdelinga sender i dei fleste tilfelle søknaden til landbruksforvaltninga for uttale. Det kan også vere aktuelt med vurderingar etter jordlova, gjødselregelverket eller anna relevant lovverk.

Dersom tiltaket endrar arealbruken på eigedomen, kan det vere nødvendig å oppdatere gardskartet når tiltaket er ferdig.
 

Kva er ei driftsbygning?

Ei driftsbygning er ei bygning som er nødvendig for den ordinære drifta av ein landbrukseigedom.

Døme på driftsbygningar er:

  • fjøs og sauefjøs
  • låve
  • reiskapshus
  • veksthus
  • silo
  • landbruksverkstad
  • bygningar til skogbruk eller seterdrift

Bustadhus, private garasjar, ridehallar og bygningar som blir brukte til fabrikkproduksjon eller sal, blir normalt ikkje rekna som driftsbygningar.
 

Aktuelle lenker

Lovverk

Stryn kommune

Søknadsskjema

Rettleiing