Skal du endre utsjånaden på huset eller bygningen din? Då må du først finne ut om tiltaket er søknadspliktig.
Om du må søkje eller ikkje, kjem mellom anna an på:
- kva reguleringsplan eller kommuneplan som gjeld for eigedomen
- kor gammal bygningen er
- om bygningen har verneverdi eller høyrer til ein bestemt byggjestil
- kor stor endringa er
Du treng ikkje søkje dersom
Du kan gjere mindre fasadeendringar utan å søkje dersom endringa ikkje endrar bygningen sitt preg eller karakter.
Dette kan til dømes vere:
- å skifte kledning med same type kledning
- å skifte vindauge med same storleik og plassering
- å føre fasaden tilbake til ei tidlegare dokumentert utforming
Du må søkje dersom
Du må som regel søkje dersom fasadeendringa endrar utsjånaden på bygningen.
Dette gjeld mellom anna dersom:
- bygningen er verneverdig eller bevaringsverdig
- bygningen er frå ein bestemt tidsepoke eller har ein særskild byggjestil
- du endrar storleik eller plassering av vindauge eller dører slik at bygningen får eit anna uttrykk
- du gjer fasadeendringar på bustader med fleire bueiningar, som rekkjehus, firemannsbustader eller bustadblokker
Er du usikker?
Er du usikker på om tiltaket er søknadspliktig, ta kontakt med byggesak før du set i gang. Vi hjelper deg med å avklare kva reglar som gjeld for eigedomen din.
Bestill time for rettleiingssamtale her
Sist endra 17.09.2026 09.50