Sjølv om du kan bygge utan å søke, må tiltaket vere i samsvar med plan- og bygningslova, kommuneplanen, reguleringsplanen og andre gjeldande reglar.
Kva er dei ulike bygningane?
- Garasje og carport er bygningar for oppbevaring av bil, båt eller andre køyretøy.
- Bod er ein bygning eller eit tilbygg som blir brukt til oppbevaring av til dømes ved, reiskapar eller anna utstyr.
- Uthus og leikehus er frittståande bygningar som ikkje skal brukast til bustad eller varig opphald.
- Hagestove er eit bygg eller tilbygg som ikkje er meint for varig opphald.
- Anneks er eit frittståande bygg som høyrer til ein bustad eller fritidsbustad og blir brukt til overnatting. Eit anneks kan ikkje vere ei sjølvstendig bueining.
Finn ut om du må søkje
Bruk rettleiaren frå Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) for å finne ut om du må søke, eller om du kan bygge utan søknad.
Du treng ikkje søkje
dersom tiltaket ikkje er i strid med kommuneplanen eller reguleringsplanen, til dømes byggjegrenser eller tillaten utnyttingsgrad (BYA).
Tilbygg til bustad
Du treng ikkje søkje dersom tilbygget:
- er inntil 15 m²
- ligg minst 4 meter frå nabogrensa
- oppfyller krava i regelverket
Dette gjeld mellom anna bod, carport og hagestove som er bygd saman med bustaden.
Frittståande bygning
Du treng ikkje søkje dersom bygningen:
- er inntil 50 m² (BRA eller BYA)
- har mønehøgd på maks 4 meter
- har gesimshøgd på maks 3 meter
- har berre éin etasje
- ikkje har kjellar
- står minst 1 meter frå nabogrensa og andre bygningar på eigedomen
- ikkje blir plassert over kommunale leidningar eller private leidningar utan samtykke
- ikkje skal brukast til varig opphald eller overnatting
Byggesaksforskrifta (SAK10) med rettleiing
Du kan søkje sjølv
Du kan sende inn søknaden sjølv dersom:
- garasje, bod eller uthus er inntil 50 m² og har mønehøgd over 4 meter, men ikkje over 5 meter
- garasje, bod eller uthus er inntil 70 m², har éin etasje og ikkje skal brukast til bustad eller overnatting
Bygningen må oppfylle avstandskrava til nabogrensa.
Søknaden skal innehalde
- søknadsskjema
- situasjonskart
- fasade-, plan- og snitteikningar
- dokumentasjon på nabovarsel
Bygge mot kommunal veg
Skal du plassere garasje, uthus eller bod mot kommunal veg, gjeld eigne avstandskrav:
- Garasje med port mot vegen skal ha minst 5 meter frå eigedomsgrensa til garasjeporten.
- Garasje, bod eller uthus inntil 50 m² som ligg parallelt med vegen, skal ha minst 2 meter til eigedomsgrensa.
- Er bygningen større enn 50 m², skal avstanden vere minst 4 meter.
Du må søke dispensasjon dersom
Du må søke dispensasjon dersom tiltaket:
- ligg nærare sjøen enn byggegrensa innanfor 100-metersbeltet
- ligg i eit LNF-område der tiltaket ikkje er tillate etter kommuneplanen
Du må bruke ansvarleg føretak dersom
Du må søkje med ansvarleg føretak dersom bygningen:
- er større enn 70 m²
- skal ha kjøkken eller bad
- skal brukast til overnatting
Dette gjeld også anneks, sidan det er eit bygg for overnatting.
Den ansvarlege søkjaren kan til dømes vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt.
Før du startar
Du har ansvar for å kontrollere at tiltaket er i samsvar med:
Når bygget er ferdig
Alle søknadspliktige tiltak skal avsluttast med ferdigattest.
Også tiltak som er unnateke frå søknadsplikt kan vere meldepliktige til kommunen, slik at bygget blir registrert i eigedomsregisteret.