Ønskjer du å lage ein hybel eller ei ny sjølvstendig bueining i bustaden din? Då er det viktig å vite kva reglar som gjeld.
Ei sjølvstendig bueining er alltid søknadspliktig. Ein hybel kan du i nokre tilfelle etablere ved å søkje sjølv.
Kva er skilnaden?
Hybel
Ein hybel er ein del av ein bustad. Hybelen deler eitt eller fleire rom med resten av bustaden, til dømes kjøkken, bad eller inngang. Hybelen har ikkje alle funksjonane som ei eiga bueining.
Sjølvstendig bueining
Ei sjølvstendig bueining har:
- eigen inngang
- eige kjøkken
- bad og toalett
- stove
- soveplass
Ei slik bueining fungerer som ein eigen bustad og er alltid søknadspliktig.
Både hybel og sjølvstendig bueining kan leigast ut dersom arealet er godkjent til bustadføremål.
Du kan søkje sjølv
Du kan søkje sjølv dersom du skal bruke ein del av bustaden som hybel.
Alle opphaldsrom må vere godkjende for varig opphald. Dersom romma ikkje er godkjende, må du først søkje om bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel.
Søknaden skal innehalde
- søknad om tiltak utan ansvarleg føretak
- planteikning som viser bruksareal og rømmingsvindauge
- snitteikning som viser romhøgd
- skildring av endringane du skal gjere
Du må søkje med hjelp av fagfolk
Du må bruke ansvarleg føretak dersom du skal etablere ei sjølvstendig bueining. Den ansvarlege søkjaren kan til dømes vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt.
Tekniske krav
Ei ny sjølvstendig bueining må oppfylle krava i byggteknisk forskrift (TEK17).
Tekniske krav til byggverk: veiledning til teknisk forskrift (TEK17)
Mellom anna gjeld krav til:
- takhøgd
- dagslys og utsyn
- ventilasjon
- branntryggleik
- rømmingsvegar
- parkering
- uteopphaldsareal
For eldre bustader kan det i nokre tilfelle vere mogleg å søkje om unntak frå enkelte tekniske krav. Dette må grunngjevast i søknaden.
Sjekk planane før du startar
Kommuneplanen eller reguleringsplanen kan setje grenser for kor mange bueiningar det kan vere på eigedomen.
Du har ansvar for å kontrollere at tiltaket er i samsvar med:
- plan- og bygningslova
- kommuneplanen eller reguleringsplanen
- byggteknisk forskrift (TEK17)
- anna gjeldande regelverk
Nyttige lenkjer