Hytte/ fritdsbustad

Skal du bygge ny hytte, bygge på, rive eller gjere endringar på ein eksisterande fritidsbustad? Då må du først undersøkje kva reglar som gjeld for eigedomen din.

Kva du har lov til å bygge, kjem mellom anna an på kommuneplanen, reguleringsplanen og plan- og bygningslova.

Bygge ny hytte eller gjere endringar

Skal du bygge på, rive, setje opp att eller bygge ny fritidsbustad, må tiltaket vere i samsvar med gjeldande planar.

Kommuneplanen og reguleringsplanen kan ha eigne reglar om mellom anna:

  • storleik på fritidsbustaden
  • plassering på tomta
  • høgder
  • utforming og utsjånad
  • utnyttingsgrad

Dersom det finst ein reguleringsplan for området, er det reglane i reguleringsplanen som gjeld.