Ønskjer du å leige ut heile eller delar av bustaden din? Før du startar, er det lurt å undersøkje om bustaden oppfyller gjeldande krav.
Dersom du skal bygge om bustaden for å lage ein hybel eller ei ny bueining, kan tiltaket vere søknadspliktig.
Tekniske krav
Skal du bygge om bustaden for utleige, må den delen som skal leigast ut oppfylle krava i byggteknisk forskrift (TEK17).
Det gjeld mellom anna krav til:
- takhøgd
- dagslys og utsyn
- ventilasjon
- branntryggleik
- rømmingsvegar
Du kan lese meir her:
Gode råd før du leiger ut
Boligdugnaden er utvikla av Direktoratet for byggkvalitet, Husleigetvistutvalet og Kommunal- og distriktsdepartementet.
Her finn du råd om mellom anna:
- kva du bør tenkje på før du leiger ut
- rettar og plikter som utleigar
- leigeavtalar
- trygg og lovleg utleige
Sist endra 17.09.2026 10.32