Mikrohus

Eit mikrohus er ein liten, frittståande bustad på inntil 30 m². Sjølv om huset er lite, gjeld dei same reglane i plan- og bygningslova om plassering, byggjesøknad og tekniske krav.

1. juli 2023 kom det nye reglar som gjer det enklare å bygge mikrohus. Reglane opnar mellom anna for meir eigeninnsats og at du i mange tilfelle kan søkje sjølv.

Kva er eit mikrohus?

Eit mikrohus er ein bustad med alle dei viktigaste funksjonane du treng for å bu.

Bustaden skal ha:

  • kjøkken
  • bad med toalett
  • soveplass
  • opphaldsrom

Kva krav gjeld?

Mikrohus følgjer i stor grad reglane for fritidsbustader med éi bueining og er unnateke frå fleire krav i byggteknisk forskrift (TEK17).

Unnateke frå enkelte krav

For mikrohus gjeld mellom anna desse unntaka:

  • Det er ikkje krav om universell utforming eller trinnfri tilkomst.
  • Det er ikkje krav om bod eller oppbevaringsplass.
  • Minste innvendige romhøgd er 2,2 meter.
  • Huset kan berre ha éin etasje.
  • Det er ikkje krav til lyd, vibrasjonar eller utsyn.
  • Høgda kan ikkje vere meir enn 4,5 meter over terrenget.

Ventilasjonen skal likevel gje eit godt inneklima, til dømes med ventilar og vindauge som kan opnast.

Krav som framleis gjeld

Mikrohuset må oppfylle dei grunnleggjande krava i byggteknisk forskrift (TEK17).

Mellom anna må huset:

  • vere trygt å bu i
  • tole vind, snø og andre naturpåkjenningar
  • oppfylle krav til branntryggleik
  • oppfylle energikrava i TEK17
     

Du må også dokumentere at:

  • byggtekniske krav er oppfylte
  • byggjemateriala har dokumenterte eigenskapar

Andre krav

Sjølv om mikrohus har enkelte unntak, gjeld framleis plan- og bygningslova.

Det betyr at eigedomen må ha:

  • godkjend løysing for vatn og avløp
  • renovasjonsløysing
  • tilfredsstillande tilkomst
  • nødvendig parkering dersom planen krev det
  • sikker byggegrunn
  • rett avstand til nabogrensa
  • god visuell utforming

Kan du søkje sjølv?

Ja. Dersom mikrohuset skal plasserast på ein allereie utbygd eigedom, kan du som hovudregel:

  • søkje sjølv
  • prosjektere sjølv
  • bygge sjølv

Når må du bruke ansvarleg føretak?

Dersom mikrohuset skal ha pipe eller skorstein, må du bruke ansvarleg føretak til søknad, prosjektering og utføring.

Før du sender søknaden

Før du søkjer, bør du kontrollere at tiltaket er i samsvar med:

  • kommuneplanen
  • reguleringsplanen
  • plan- og bygningslova
  • byggteknisk forskrift (TEK17)
     

Du må også sende nabovarsel før du sender søknaden til kommunen, dersom tiltaket ikkje er unnateke frå kravet om nabovarsel.

Nyttige lenkjer