Miljø- og berekraftstiltak for bustadbyggjarar

Skal du bygge nytt eller pusse opp? Det finst mange gode løysingar som kan redusere energibruken, gjere bustaden meir robust mot klimaendringar og bidra til eit meir berekraftig byggjeprosjekt.

Her finn du informasjon, rettleiing og støtteordningar. Oversikten er meint som ei hjelp og er ikkje fullstendig.

For privatpersonar

Bygg og puss opp på ein smart måte

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har råd om korleis du kan bygge og pusse opp meir energieffektivt.

Støtte frå Enova

Enova har fleire støtteordningar for deg som vil gjennomføre energitiltak eller velje klimavenlege løysingar.

Handtering av overvassvatn

Meir nedbør gjer det viktig å handtere regnvatn på eigen eigedom. Gode løysingar kan redusere risikoen for skadar og avlaste det kommunale leidningsnettet.

Les meir:

Forureina grunn

Skal du bygge eller grave? Undersøk om eigedomen ligg i eit område med kjent eller mogleg grunnforureining.

For utbyggjarar og næringsliv

Energiutgreiing

Ved større byggjeprosjekt kan det vere krav om energiutgreiing.

Dette gjeld mellom anna:

  • bustadområde med meir enn 10 bueiningar
  • kvartalsutbygging i sentrum
  • næringsbygg over 500 m²

Energiutgreiinga skal vurdere bruk av fornybar energi og moglegheiter for energideling.

Støtte frå Enova

Enova har eigne støtteordningar for bedrifter innan bygg og eigedom.

Klimatilpassing

Klimaendringane gjer at nye bygg bør planleggjast for meir nedbør, sterkare vind og andre naturpåkjenningar.

Les meir:

Verktøy for større bustadprosjekt

Klima 2050 har laga ein rettleiar for planlegging og bygging av klimatilpassa bustadprosjekt.

Nyttige lenkjer