Mudring kan påverke natur, kulturminne og livet i sjøen. Derfor blir tiltaket vurdert etter fleire lovverk.
Kva er mudring?
Mudring er å fjerne massar frå botnen i sjø eller vassdrag for å gjere det djupare eller betre framkome.
Må du søkje?
Ja. Mudring er som regel søknadspliktig.
Tiltaket blir vurdert etter:
- plan- og bygningslova
- forureiningsforskrifta
- naturmangfaldlova
- kulturminnelova
- hamne- og farvasslova
I mange tilfelle treng du løyve frå både kommunen og Statsforvaltaren.
Søkje etter plan- og bygningslova
Mudring kan vere søknadspliktig som eit vesentleg terrenginngrep etter plan- og bygningslova.
I sårbare område skal det lite til før tiltaket blir vurdert som søknadspliktig.
Søknaden skal sendast av eit ansvarleg føretak som er ansvarleg søkjar.
Tiltaket kan også krevje dispensasjon, til dømes frå byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen.
Kven kan søkje?
Søknaden kan sendast av:
- eigaren av eigedomen
- eit ansvarleg føretak med fullmakt frå eigaren
Er eigedomen eigd av fleire, må alle eigarane samtykkje eller gje fullmakt.
Søknaden skal innehalde
Den ansvarlege søkjaren skal dokumentere mellom anna:
- formålet med mudringa
- kor mykje som skal mudrast (areal og volum)
- mudringsmetode
- korleis massane skal handterast
- vurdering av naturverdiar og miljøpåverknad
- situasjonsplan
- nabovarsel og eventuelle merknader
- søknad om dispensasjon dersom det er nødvendig
Andre løyve
Før kommunen kan gje igangsettingsløyve, må nødvendige løyve etter andre lovverk vere på plass.
Dette kan mellom anna vere:
- løyve frå Statsforvaltaren etter forureiningsforskrifta
- uttale frå Norsk Maritimt Museum etter kulturminnelova
- vurdering etter naturmangfaldlova
- løyve etter hamne- og farvasslova
Kvifor er mudring strengt regulert?
Mudring kan:
- spreie forureina massar
- skade ålegras og annan viktig botnvegetasjon
- øydeleggje gyte- og oppvekstområde for fisk
- påverke kulturminne på sjøbotnen
- skape ulemper for ferdsel til sjøs
Dersom tiltaket kan skade viktige naturverdiar, kan søknaden bli avslått.
Ålegras og blautbotnområde
Du bør unngå mudring i område med registrerte naturverdiar, som:
- ålegrasenger
- blautbotnområde
Desse områda er viktige leveområde for fisk, skaldyr og andre marine artar.
Nyttige lenkjer