Oppdeling eller samanslåing av bustadar
Skal du dele opp eller slå saman bustadar, kan du ikkje søkje sjølv. Du må bruke eit ansvarleg føretak som sender søknaden på dine vegner. Oppdeling av bustader er eit søknadspliktig tiltak etter byggjesaksforskrifta.
Kven har ansvar?
Som tiltakshavar er du den som eig tiltaket og har ansvaret for at det blir gjennomført. Det ansvarlege føretaket utarbeider og sender søknaden til kommunen. Prosjektering og utføring skal utførast av kvalifiserte fagfolk som du engasjerer. Føretaka må erklære ansvarsrett for arbeidet dei skal utføre.
👉 Nyttige lenker
Eigarseksjonar og sameige
Ved oppdeling eller samanslåing av bustader kan det òg vere nødvendig å opprette, endre eller slette eit sameige. I ei seksjoneringssak blir eineretten til dei ulike delane av bygningen og eventuelt uteareal fordelt, medan sjølve oppdelinga eller samanslåinga av bustadene blir handsama som ei byggjesak.
Ta kontakt med kommunen dersom tiltaket ditt også krev seksjonering eller reseksjonering.
Regelverk
Sist endra 17.09.2026 12.30