Rehabilitering og oppføring av skorstein, eldstad og utepeis
Skal du byggje, endre eller rehabilitere skorstein? Her finn du informasjon om kva du må søkje om, kva du kan gjere utan søknad, og kva reglar som gjeld for eldstader og utepeisar.
Søknad med ansvarleg føretak
Det er søknadspliktig å bygge, endre eller rehabilitere skorstein. Søknaden må utarbeidast og sendast inn av eit ansvarleg føretak. Det ansvarlege føretaket har ansvar for at tiltaket oppfyller krava i plan- og bygningslova og byggteknisk regelverk.
Lenker
- Søknad om tiltak med ansvarlege føretak (DiBK): https://www.dibk.no/soknader-og-skjema/soknad-om-tiltak-med-ansvarlige-foretak/
- Plan- og bygningslova § 20-3: https://lovdata.no/lov/2008-06-27-71/§20-3
- Byggesaksforskrifta (SAK10): https://dibk.no/regelverk/sak/
Utepeis
Du kan bygge ein frittståande utepeis utan å søkje dersom:
- utepeisen er frittståande
- han blir plassert minst 3 meter frå bygningar
- han blir plassert minst 4 meter frå nabogrensa
Tiltaket må likevel vere i samsvar med gjeldande planar og føresegner for eigedomen.
Installering av eldstad
Du treng ikkje søkje kommunen om å installere ein ny eldstad. Installasjon av eldstad er likevel meldepliktig.
Dersom du installerer ny eldstad, flyttar ein eldstad eller gjer vesentlege endringar, skal du melde frå til feiarvesenet. Eldstaden skal kontrollerast etter montering.
Eldstader som er godkjende i Norge, skal ha monteringsrettleiing på eit skandinavisk språk.
Nyttige lenker
Kva er ein eldstad?
Ein eldstad er til dømes ein omn, peis eller peisomn som blir brukt til oppvarming. Skorsteinen fører røyken trygt ut frå eldstaden.
Alle småhus skal ha skorstein slik at bustaden kan varmast opp med fast brensel dersom straumen blir borte.
Regelverk
Sist endra 17.09.2026 12.37