Unnateke søknadsplikt
Nokre bygningar kan du rive utan å søkje kommunen.
Du kan søkje sjølv
Dersom du kan bygge eit tiltak ved å søkje sjølv, kan du som hovudregel òg søkje sjølv om å rive det.
Dette gjeld mellom anna:
- garasje
- tilbygg
- støttemur
- andre mindre tiltak
Du må søkje med ansvarleg føretak
For større rivetiltak må søknaden utarbeidast og sendast inn av eit ansvarleg føretak.
Før arbeidet kan starte, må nødvendig prosjektering vere gjennomført. Det ansvarlege føretaket har ansvar for at søknaden oppfyller krava i plan- og bygningslova.
Alle føretak som deltek i tiltaket, må erklære ansvarsrett.
Riving av bygg som inngår i eit større utbyggingsprosjekt, kan i enkelte tilfelle vere unnteke frå søknadsplikt dersom rivinga går tydeleg fram av reguleringsplanen. Dette gjeld ikkje eldre bygg eller bygg som er registrerte som kulturminne.
Lenkjer:
Dette må du sende inn
Ved søknad om riving skal du mellom anna sende inn:
- situasjonsplan der bygningen som skal rivast er merkt med eit kryss (X)
- teikningar eller bilete av bygningen
- opplysningar om kvifor bygningen skal rivast og korleis tomta skal opparbeidast etterpå
- stadfesting på at dei som har pengeheftingar i eigedomen er varsla (seinast ved søknad om igangsetjingsløyve)
- stadfesting på at bygningen er fråflytta (seinast ved søknad om igangsetjingsløyve)
Riving etter brann
Ved rydding av ein branntomt gjeld i utgangspunktet dei same reglane som ved annan riving. I nokre tilfelle kan tiltaket vere unnteke frå søknadsplikt, avhengig av kor mykje av bygningen som står att. Dette må kommunen vurdere i kvar enkelt sak.
Viktig å hugse
- Lever avfallet til godkjent mottak.
- Sikre rivearbeidet i samsvar med plan- og bygningslova.
- Ta kontakt med kommunen dersom bygningen kan ha kulturhistorisk verdi.
- Meld frå til kommunen dersom vatn- og avløpsleidningar skal stengjast eller plomberast.
- Kontakt eigarar av straum-, fiber-, telefon- eller andre leidningar før riving.
Meld frå når rivinga er ferdig
Sjølv om tiltaket er unnteke frå søknadsplikt, skal du melde frå til kommunen når bygningen er riven. Dette er nødvendig for at kommunen skal kunne oppdatere eigedomsregisteret.