Solcelleanlegg

Du kan i mange tilfelle bygge solcelleanlegg utan å søkje kommunen. Om du må søkje, kjem mellom anna an på korleis anlegget blir montert, og om bygningen eller området har særlege omsyn.

Unnateke frå søknadsplikt

Du kan bygge solcelleanlegg utan å søkje dersom:

  • anlegget blir montert flatt på taket til einebustad eller garasje
  • tiltaket ikkje endrar bygningen sitt preg i vesentleg grad
  • tiltaket ikkje er i strid med plan- og bygningslova, reguleringsplan eller kommuneplan

Sjølv om tiltaket er unnateke frå søknadsplikt, må du følgje alle krav i plan- og bygningslova og anna gjeldande regelverk.

 

Når må du søkje?

Du må søkje dersom solcelleanlegget mellom anna:

  • endrar fasaden i vesentleg grad
  • blir montert på eit bygg med vernestatus eller avklart kulturminneverdi
  • er i strid med kommuneplan eller reguleringsplan
  • går over fleire brannceller eller brannseksjonar
  •  

Tiltak som krev ei konkret vurdering

I nokre tilfelle må kommunen vurdere om tiltaket er søknadspliktig. Dette gjeld mellom anna dersom:

  • bygningen er SEFRAK-registrert eller har kulturhistorisk verdi
  • bygningen ligg i eit område med einsarta byggjeskikk
  • bygningen ligg i strandsona
  • solcelleanlegget blir montert oppå taket eller fasaden og ikkje ligg plant med flata
  • anlegget blir godt synleg frå offentleg veg, plass eller sjø
  • det er fare for nedfall mot offentlege område
  • anlegget kan påverke branntryggleiken, til dømes ved fleire bueiningar

Er du usikker på om tiltaket er søknadspliktig, bør du kontakte kommunen før du startar arbeidet.
 

Kva vurderer kommunen?

Dersom tiltaket krev søknad, vil kommunen mellom anna vurdere:

  • om solcelleanlegget er tilpassa bygningen
  • plassering og omfang
  • material- og fargeval
  • kor synleg anlegget blir i omgjevnadene
  • om området har eit einsarta arkitektonisk uttrykk
  • om bygningen har kulturhistorisk eller arkitektonisk verdi

Nyttige lenker