Ein støttemur blir bygd for å sikre eller forme terrenget. Den kan byggjast i stein, betong, metall, tre eller andre materiale, og blir ofte brukt for å gjere uteområdet meir funksjonelt og trygt.
Unnateke frå søknadsplikt
Du kan byggje støttemur utan å søkje dersom muren er:
- inntil 1,0 meter høg og plassert minst 1,0 meter frå nabogrensa
eller
- inntil 1,5 meter høg og plassert minst 4,0 meter frå nabogrensa
Støttemuren må i tillegg:
- ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg, avkøyrsler eller gang- og sykkelvegar
- ikkje vere i strid med byggegrenser mot offentleg veg eller føresegner i reguleringsplan eller kommuneplan
- ikkje føre til ulemper for naboar, til dømes ved vassig, ras eller utgliding
Det er òg viktig at støttemuren blir tilpassa terrenget og omgjevnadene på ein god måte.
Du kan søkje sjølv
Dersom støttemuren ikkje oppfyller vilkåra for å vere unnteken frå søknadsplikt, kan du i mange tilfelle søkje sjølv om løyve.
Lenkje:
Du må søkje med ansvarleg føretak
Dersom støttemuren er høgare enn 2 meter, må du bruke eit ansvarleg føretak som sender søknaden til kommunen.
Nyttige lenker
Sist endra 17.09.2026 14.54