Om du må søkje, eller om tiltaket er unnteke søknadsplikt, avheng av kor stort terrenginngrepet er og kva konsekvensar det kan få.
Unnateke søknadsplikt
Mindre terrenginngrep kan vere unnatekne søknadsplikt.
Du kan i utgangspunktet fylle/ planere utan å søkje dersom terrengendringa ikkje overstig:
- 3 meter i spreiddbygd område
- 1,5 meter i tettbygd område
- 0,5 meter på eigedom med rekkjehus, kjedehus eller liknande i tett busetnad
I tillegg må:
- fyllingsfoten vere minst 1 meter frå nabogrensa
- fyllinga ikkje vere høgare enn det som er tillate for støttemurar
- tiltaket vere i samsvar med plan- og bygningslova, kommuneplan, reguleringsplan og anna regelverk
Sjølv om tiltaket er unnateke søknadsplikt, har du ansvar for at det ikkje kjem i konflikt med gjeldande reglar. Dersom tiltaket krev dispensasjon, gjeld ikkje unntaket.
Fleire mindre terrenginngrep kan samla sett bli vurderte som eitt vesentleg terrenginngrep og dermed utløyse søknadsplikt.
Du må søkje med ansvarleg føretak
Vesentlege terrenginngrep er søknadspliktige og skal utførast med ansvarleg føretak.
Dette gjeld særleg dersom tiltaket:
- ligg innanfor 100-metersbeltet langs sjøen
- kan påverke naturmiljøet, til dømes bekkar eller hule eiker
- kjem i konflikt med kulturminne eller omsynssoner
- ligg nærare enn 1 meter frå nabogrensa
- har stort omfang eller kan påverke omgjevnadene vesentleg
Søknaden skal utarbeidast av eit ansvarleg føretak, til dømes ein entreprenør, byggmeister eller arkitekt.
Lenkjer:
Større terrenginngrep
Store terrenginngrep, som steinbrot, grustak og masseuttak, kan utløyse krav om reguleringsplan.
Kommunen kan krevje reguleringsplan dersom tiltaket kan få vesentlege konsekvensar for miljø eller samfunn, uavhengig av storleiken på terrenginngrepet.
Regelverk og rettleiing