Tilbygg

Ønskjer du å byggje ut huset? Her får du oversikt over reglane for tilbygg, påbygg og kjellar, og informasjon om når tiltaket er unnateke frå søknadsplikt, når du kan søkje sjølv, og når du må bruke ansvarleg føretak.

Tilbygg

Unnateke frå søknadsplikt

Du kan bygge tilbygg utan å søkje dersom alle desse vilkåra er oppfylte:

  • tilbygget er høgst 15 m² bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA)
  • tilbygget er understøtta og ikkje har meir enn to etasjar eller plan
  • tilbygget er plassert minst 4 meter frå nabogrensa
  • tilbygget inneheld ikkje ei eiga bueining

I tillegg må tilbygget:

  • vere i samsvar med kommuneplan, reguleringsplan og andre føresegner
  • ha tilstrekkeleg avstand til offentleg veg
  • liggje meir enn 30 meter frå næraste jernbane

Du kan søkje sjølv

Du kan søkje sjølv dersom tilbygget ikkje er større enn 50 m² bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA).

Før du sender inn søknaden, må du:

  • varsle naboane
  • leggje ved målsette teikningar
  • leggje ved situasjonsplan som viser plasseringa av tilbygget

Lenkjer:

Du må søkje med ansvarleg føretak

Du må bruke ansvarleg føretak dersom:

  • tilbygget er større enn 50 m² BRA eller BYA
  • tilbygget skal innehalde ei eiga bueining
     

Når tiltaket er ferdig

Tiltak som er søknadspliktige, skal ha ferdigattest før dei kan takast i bruk.

Dersom du har bygd eit tilbygg som er unnateke frå søknadsplikt, skal du melde frå til kommunen når tiltaket er ferdig. Kommunen treng opplysningar om tiltaket og plasseringa slik at eigedomsregisteret kan oppdaterast.
 

Regelverk og rettleiing