Veranda, balkong, terrasse og altan

Skal du bygge terrasse, veranda, balkong eller altan? Her finn du informasjon om kva du kan bygge utan å søkje, når du kan søkje sjølv, og når du må søkje med ansvarleg føretak.

Kva er skilnaden?

Korleis uteplassen er bygd, avgjer om han blir rekna som terrasse, veranda eller balkong.

  • Terrasse – uteplass på planert terreng.
  • Takterrasse – uteplass på flatt tak.
  • Veranda – open eller overbygd uteplass som er understøtta av søyler eller liknande.
  • Glasveranda – veranda som er lukka med store glasfelt.
  • Balkong – uteplass som stikk ut frå veggen utan understøtting.
  • Fransk balkong – balkongdør med rekkverk framfor, eventuelt med svært liten utkraging.

Krav til rekkverk og sikring finn du i TEK17 § 12-15.
 

Vegvisar

Er du usikker på om tiltaket krev søknad?

Prøv vegvisaren til Direktoratet for byggkvalitet (DiBK
 

Unnateke frå søknadsplikt

Frittståande terrasse

Du kan bygge ein frittståande terrasse utan å søkje dersom:

  • terrassen er lågare enn 0,5 meter over gjennomsnittleg planert terreng.

Det gjeld ingen krav til avstand frå nabogrensa.
 

Terrasse inntil bygning

Du kan byggje terrasse inntil bygningen utan å søkje dersom:

  • terrassen er høgst 1 meter over terrenget
  • han ligg minst 1 meter frå nabogrensa
  • han ikkje stikk meir enn 4 meter ut frå fasaden
  • rekkverket er høgst 1,2 meter
  • terrassen ikkje er overbygd

Tiltaket må òg vere i samsvar med kommuneplan, reguleringsplan og andre føresegner.
 

Veranda

Du kan bygge eller utvide veranda med inntil 15 m² utan å søkje dersom:

  • verandaen ligg minst 4 meter frå nabogrensa
  • tiltaket ikkje er i strid med reguleringsplan eller kommuneplan
  • krava til god estetisk utforming er oppfylte

Du kan søkje sjølv

Du kan søkje sjølv dersom tiltaket har eit bruksareal (BRA) og bebygd areal (BYA) på under 50 m².

Dette gjeld til dømes:

  • terrasse som er høgare enn det som er unnteke frå søknadsplikt
  • veranda
  • innglassing av veranda på einebustad

Hugs at du må varsle naboane og sende inn nødvendige teikningar og situasjonsplan.

Lenkje:

Du må søkje med ansvarleg føretak

Du må søkje med ansvarleg føretak dersom tiltaket mellom anna gjeld:

  • veranda eller tilbygg større enn 50 m²
  • balkong
  • fleire verandaer på same bygning
  • ny bygging på ein eksisterande terrasse, til dømes utestove
  • innglassing av veranda eller balkong på bygg med fleire bueiningar
  • tiltak som fører til vesentleg fasadeendring
  • fransk balkong dersom tiltaket medfører vesentleg fasadeendring
     

Lenkje:

Regelverk og rettleiing