Tomter ledige i Solvik frå hausten 2025
Stryn kommune opparbeider no eit bustadfelt i Solvik, Loen der 21 tomter vil bli klare hausten 2025.

Feltet Leitekvia - Solvik består av 21 tomter for frittliggjande einebustadar med høve til å innreie utleigehusvære i underetasje, fordelt på område BFS3, BFS4 og BFS5. Elles er det tre tomter for tett busetnad/ blokker med minimum 6 bueiningar innanfor kvart område (BBB1, BBB2 og BBB3).
Tomtene vert lagt ut for sal når infrastruktur som veg, vatn, avlaup og straum er ferdig opparbeidd. Estimert salsstart er august/september 2025. Det er ikkje høve til å setje seg på venteliste eller reservere tomter.
Stryn kommune vil ikkje gå ut med prisar før feltet er ferdig opparbeidd og dei endelge kostnadane er kjende.
Tomtene vil bli annonsert i Fjordingen, Stryn kommune si heimeside og Facebook når tomtene er salsklare.
Tildeling skjer etter tomtetildelingsreglane vedtekne av kommunestyret:
Reglar for tildeling av tomter (PDF, 192 kB)
Reguleringsplankart, føresegner mm
Sist endra 18.10.2024 14.45