Tilsyn byggesak og spreidde avløp
Frå 2024 er det tilsynssamarbeid for avløp og byggesak mellom kommunane Gloppen, Stryn, Stad, Bremanger og Kinn. Gloppen er vertskommune.
Kommunar er pålagt å føre tilsyn med spreidde avløpsanlegg. Dette kan vere mindre private avløpsanlegg, minireinseanlegg, slamtankar og liknande.
Tilsynet er finansiert med eit tilsynsgebyr som fakturerast per avløpsanlegg. Det blir gjennomført digitale tilsyn, kartleggingar og dokumentkontrollar i tillegg til fysiske tilsyn. Du må også betale tilsynsgebyr dei åra det ikkje blir gjennomført tilsyn på ditt anlegg.
Kontaktinformasjon tilsynssamarbeidet
Kontakt Gloppen sitt Servicetorg på tlf 57 88 38 00 og be om å få snakke med tilsynssamarbeidet.
Les meir om tilsynssamarbeidet på Gloppen kommune si heimeside
Innsyn i saker
Sidan saker som gjeld tilsyn vert lagra i Gloppen si innsynsløysing, må du finne dokument som angår tilsynssaker på deira heimeside.
Tilsyn i Stryn kommune
Sist endra 05.12.2024 13.31