Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er ein fellesbetegnelse på tekniske installasjonar og løysingar som kan bidra til auka tryggleik: Å styrke evna til den enkelte til å klare seg sjølv i kvardagen, teknologisk støtte til pårørande og førebygge behov for tenester eller innlegging i institusjon. 

Velferdsteknologi er delt inn i 4 hovudkategoriar:

  1. Tryggleik- og sikkerheitsteknologi
    Teknologi som skal skape trygge rammer rundt brukaren sitt liv og meistring av eigen helse: Eks. tryggleiksalarm

  2. Kompensasjons- og velværeteknologi
    Teknologi som gjev hjelp når for eksempel hukommelsen vert dårlegare, eller ved fysisk funksjonssvikt. Eks. stryring av lys og varme

  3. Teknologi for sosial kontakt
    Teknologi som hjelpe brukaren til å kome i kontakt med andre. Eks. Videokommunikasjon

  4. Teknologi for behandling og pleie
    Teknologi som hjelpe brukaren til å meistre eiga helse. Eks automatisk måling av blodsukker


Kvifor satsar vi på velferdsteknologi?

Målet er å heve kvaliteten på tenestene, frigjere ressursar til anna arbeid og effektivisere drifta. Det kan:

  • Bidra til at enkeltindividet får muligheit til å meistre eige liv og helse betre, basert på egne premisser.

  • Bidra til at personar med behov for helse- og omsorgstenester kan bu lengre heime og dermed utsette tidspunktet de elles ville måtte flytte til sjukeheim for kortare eller lengre tid.

  • Betre kvaliteten på tenester, auke fleksibiliteten og bidra til betre arbeidsmiljø.

  • Bidra til innovasjon i helse- og omsorgstenestene og skape nye arenaer for samvirke med nærmiljø, pårørande, frivillige, ideelle aktørar, akademia og næringsliv.

  • Gje ein positiv samfunnsøkonomisk effekt.

 

Stryn kommune nedsette i juni 2018 ei arbeidsgruppe innan velferdsteknologi. Gruppa skal gjere seg kjent på velferdsteknologiområdet og arbeide seg fram til kva Stryn kommune skal satse på.

Det skal utformast løysingar som gjev trygge og gode tenester. Kommunen satsar på kompetanseheving, parallelt med auka brukarmedverknad.

Arbeidsgruppa er ein aktør i utprøvinga av dei valde velferdsteknologiske løysingane. Elektroniske dørlåsar vil bli prøvd ut i Stryn denne vinteren. Prosjektgruppa har plan for arbeid fram til mai-19.

For Stryn kommune er det viktig at vi finn teknologi som passar til kvar einskild brukar sitt behov, ikkje brukar som kan passe til valt teknologi. 

Dersom du ønskjer å få meir informasjon om velferdsteknologi kan du kontakte ein av leiarane i pleie- og omsorgstenestene.


Du finn også meir informasjon her:

Fagrapport om implementering av velferdsteknologi i dei kommunale helse- og omsorgstenestene 2013-2030

Innovasjon i omsorg, offentleg utredning

Kontakt

Stryn omsorgssenter
Telefon 57 87 47 00

Tlf etter kl. 15 og før kl 09: 57 87 69 70

Post- og besøksadresse:
Myrane 18
6783 Stryn

Vikane omsorgssenter
Telefon 57 87 35 50

Post- og besøksadresse:

6793 Innvik