Driftstilskot til turløyper og skianlegg
Du kan søkje Stryn kommune om driftstilskot, med atterhald om at det vert sett av midlar i budsjett.
Søknadsfrist er utvida til 15. september 2024.
Stryn kommune sett kvart år av midlar i budsjettet til drift av turløyper og skianlegg. Både idrettslag og private kan søkje om tilskot frå midlane, dersom dei kjem innafor reglane som er vedtekne for denne ordninga. Vedtak om driftstilskot til turløyper og skianlegg må avsetjast i komande års budsjett av kommunestyret i desember.
I tillegg til desse midlane har Stryn kommune kulturmidlar i budsjettet til drift av organisasjonseigde idrettsanlegg. Kulturmidlar har eigne retningsliner og søknadsfrist 15. mars.
Revidert rekneskap som syner driftsresultat frå siste år og rapport som klargjer bruken av midlar som vart tildelt skal leggjast ved søknad. Søknader som kjem inn etter fristen vert ikkje handsama.
Søknadsskjema Turløyper og skianlegg - tilskot til drift
Turløyper og skianlegg - retningsliner for søknad (PDF, 137 kB)
Sist endra 04.09.2024 13.19