Når treng du ikkje å søkje?
Du treng ikkje søkje dersom:
- bassenget er mindre enn 20 cm djupt
- tiltaket ikkje er i strid med plan- og bygningslova eller andre gjeldande planar og føresegner.
Du kan lese meir om kva du kan byggje utan å søkje på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet.
Mellombels basseng – inntil to månader
Du treng ikkje søkje dersom bassenget skal stå på eigedomen i inntil to månader, jf. plan- og bygningslova § 20-5. Du må likevel følgje plan- og bygningslova, forskrifter, reguleringsplan, kommuneplan og andre gjeldande føresegner. Skal bassenget plasserast nærare nabogrensa enn éin meter eller i strid med byggegrensa, må kommunen godkjenne plasseringa.
Mellombels basseng – frå to månader til to år
Skal bassenget stå i meir enn to månader, men mindre enn to år, må du søkje kommunen om løyve, jf. plan- og bygningslova § 20-4 første ledd bokstav c.
Permanent basseng og hagedam
Permanent symjebasseng er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1.
Som hovudregel skal søknaden sendast av eit føretak med ansvarsrett. For mindre og enkle basseng kan du i nokre tilfelle søkje utan ansvarsrett. Dette gjeld dersom tiltaket ikkje krev omfattande prosjektering, og bassenget ikkje skal koplast til offentlege vass- og avløpsleidningar.
Dokumentasjon som skal følgje søknaden
Når du søkjer om symjebasseng, må du leggje ved:
- utgreiing om tilknyting til vatn- og avløpsnettet
- opplysningar om korleis avløpsvatnet blir handtert dersom bassenget ikkje er kopla til offentleg avløp
- dokumentasjon på at det blir montert vassmålar for alt forbruksvatn på eigedomen
- utgreiing om korleis bassenget blir sikra, jf. TEK17 § 8-3
- snittteikning som viser fundamentering og eksisterande og framtidige terrengliner
- planteikning som viser platting, terrasse, tryggleiksgjerde, inngjerding, maskinrom og liknande
- situasjonskart som viser bassenget og alle tilhøyrande konstruksjonar, med avstand til nabogrense og veg
- utgreiing om plassering av maskinrom, slik at det ikkje blir til ulempe for naboar.
-
Avstand til nabogrensa
Nedgrave symjebasseng under 50 m² blir rekna som eit mindre tiltak. Slike basseng kan plasserast minst éin meter frå nabogrensa, jf. plan- og bygningslova § 29-4.
Tekniske installasjonar, som til dømes maskinrom, må òg plasserast minst éin meter frå nabogrensa.
Bygd areal og uteopphaldsareal
Eit symjebasseng som ikkje er overbygd, og som stikk mindre enn 50 cm over ferdig planert terreng, blir ikkje rekna med i bygd areal (BYA). Det blir heller ikkje rekna som bruksareal (BRA).
Ikkje-overbygde symjebasseng blir rekna med i uteopphaldsarealet.
Krav til sikring
Basseng, brønn og liknande i uteopphaldsareal skal sikrast slik at ingen kan falle uti.
Du kan sikre bassenget med:
- gjerde
- overdekking
- anna tilsvarande sikring.
Overdekking, lok, låsar, gjerde og portar skal alltid haldast i forsvarleg stand.
Krav til overdekking eller overbygging
Overdekking eller overbygg skal vere laga av solide materiale og vere godt festa. Dersom overdekkinga er av tre, skal ho tole vanleg belastning, til dømes frå leikande barn.
Krav til lok
Lok skal vere laga av solide materiale og ha lås eller anna stengjeinnretning som hindrar at det lett kan opnast.
Krav til gjerde
Gjerdet skal:
- gå heilt ned til bakken
- vere minst 1,5 meter høgt
- ha solid fundament
- ha port eller grind med lås eller anna lukkeinnretning
- vere så tett at barn ikkje kan kome gjennom.
Kven har ansvaret?
Grunneigaren har ansvar for at anlegget er forsvarleg sikra, jf. plan- og bygningslova § 28-6 andre ledd.
Dersom eigedomen er bortleigd for meir enn to år, er det festaren eller leigaren som har ansvaret.
Dersom anlegget berre blir brukt av ein annan person enn den som har ansvaret etter reglane ovanfor, er det brukaren som har ansvaret.