Brygger i vatn og sjø

Skal du bygge ny brygge, utvide eller endre ei eksisterande brygge? Slike tiltak er som hovudregel søknadspliktige etter plan- og bygningslova. Før du søkjer, bør du undersøkje kva som gjeld for eigedomen din i kommuneplanen eller reguleringsplanen.

Kva er ei brygge?

Ei brygge er ein mindre konstruksjon i sjø, elv eller innsjø som blir brukt til tilkomst og fortøying av båt. Brygga omfattar også landfeste og forankring.

Unnateke frå søknadsplikt

Vanleg vedlikehald av ei lovleg oppført brygge kan vere unnateke frå søknadsplikt.

Vedlikehald omfattar mellom anna:

  • utskifting av toppdekke
  • utskifting av slitedelar i berekonstruksjonen

Dersom meir enn 50 prosent av berekonstruksjonen blir skifta ut, eller du endrar storleik, utforming eller forankring, må du som hovudregel søkje kommunen.

Søknadsplikt

Desse tiltaka er normalt søknadspliktige:

  • oppføring av ny brygge
  • utviding av eksisterande brygge
  • vesentleg reparasjon eller ombygging
  • riving av brygge
  • terrenginngrep eller tiltak i sjø som er knytte til bryggja

I dei fleste tilfella må søknaden sendast inn av eit ansvarleg føretak.

Dispensasjon

Dersom tiltaket er i strid med kommuneplanen eller reguleringsplanen, må du i tillegg søkje om dispensasjon.

Kommunen vurderer kvar søknad konkret etter plan- og bygningslova og gjeldande planar.

Kva må søknaden innehalde?

Søknaden må mellom anna innehalde:

  • situasjonsplan
  • målsette teikningar av heile tiltaket
  • opplysningar om kva bryggja skal brukast til
  • tal på båtplassar dersom bryggja skal nyttast til fortøying
  • nabovarsel med kvittering
  • eventuelle nabomerknader
  • dispensasjonssøknad dersom tiltaket krev det

Dersom delar av brygga ligg under vatn, må også desse visast på teikningane.

Naturmangfald

Ved bygging eller utviding av brygger skal det takast omsyn til naturmangfaldet. Tiltak kan påverke viktige marine naturtypar og leveområde for fisk og anna liv i sjø og vassdrag. Dette blir vurdert som ein del av byggesaka.

Kva seier planane i Stryn kommune?

Før du planlegg ei brygge, bør du undersøkje kva som gjeld for eigedomen din. Kommuneplanen og reguleringsplanar kan ha eigne føresegner om bygging i strandsona og tiltak i sjø.

Du finn gjeldande planar i Plankart og planregister
 

Nyttige lenkjer