Plankart og planregister

På kommunen si nettbaserte kartløysing finn du både gjeldande kommunedelplanar og reguleringsplanar. Her får du informasjon om korleis du nyttar denne kartløysinga som heiter Nordfjordsamarbeidet.

Generelle opplysningar:

  • Du må laste ned Silverlight for å få opp kartet i webinnsyn

  • Du kan ikkje bruke nettlesaren Google chrome for å få opp webkartet
     

Søkjeinstruksar:

  • For å få opp planar må du velje kartlaget plankart, til høgre for globusen nedst på sida.

  • Kva for type planar du ønskjer skal syne på kartet kan du velje via meny, kartutvalg øvst til høgre. Her kan du hake av og på ulike plandata, til dømes kan du setje hake for reguleringsplanforslag dersom du ønskjer å sjå planar som ligg ute til offentleg ettersyn.

  • Du kan søkje på stadnamn i søkjefeltet, til dømes Stryn, eller namnet på den planen du er ute etter, dersom du veit plannamnet. Det vil kome treff under søkeresultater, plan. Dersom du vel ein plan vil planområdet zoome seg opp på skjermen.

  • Ved å klikke inne i planområdet kan du få opp både kva for føremål området har og evt. kva for omsynssone som ligg over. For å få meir opplysningar om kommuneplanen eller reguleringsplanen kan du klikke på KpOmråde eller RpOmråde.

  • For å sjå ulike dokument i plansaka, til dømes plankart, føresegner, planomtale, vedtak, kan du her trykke vidare på lenkja Vis i Web-plan. Her får du opp dei ulike plandokumenta i pdf-format.

Nordfjordsamarbeidet - Plankart

Dersom du ønskjer å finne plandokument i pdf format direkte, utan å gå via linken Nordfjordsamarbeidet – Plankart, kan du trykke på Planregister