Demensvennleg samfunn

Stryn kommune signerte 24.10.24 ei samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å bli eit meir demensvennleg samfunn. Eit meir demensvennleg samfunn handlar om å møte personar med demens på ein god måte.

Signerer avtala - Klikk for stort bileteSigneringa skjedde i forkant av formannskapsmøtet 24. oktober 2024, her ser vi Per Kjøllesdal og Astrid Juklestad. Foto Roy Aron Myklebust Fjordingen

Målet med kampanjen Demensvennleg samfunn er å auke samfunnet sin kunnskap og bevisstheit rundt demenssjukdom og skape gode haldningar.  Ved at fleire i samfunnet kan litt meir om demens, blir det lettare å leve med sjukdomen da personar med demens kan bli betre inkludert i nærmiljøet og  møtt med forståing, respekt og støtte.  

 


Korleis kan du og di bedrift, din arbeidsplass, ditt lag eller di foreining bidra?

Har du ein jobb der du møter mykje folk? Då vil du også møte personar med demens. Vi ønskjer å hjelpe deg og kollegaene dine til å bli tryggare i møtet med personar med demens. Som eit ledd i arbeidet med å gjere Stryn kommune meir demensvennleg, tilbyr Stryn kommune kurs for tilsette i offentleg og privat servicenæring/bedrifter. Kurset gir deg blant anna kunnskap om demens, kva utfordingar personar med demens kan ha i kvardagen og kva bedrifta og den enkelte kan bidra med.
 

Kvifor kurs om demensvennleg samfunn?

Auka kunnskap om demens blant tilsette i servicenæringa kan føre til at personar med demens blir tryggare og lettare kan klare å utføre vanlege kvardagsaktivitetar, som å handle, bruke offentleg transport , delta i kulturaktivitetar og foreningsliv

Auka kunnskap kan føre til at personar med demens blir tryggare og dermed kan oppretthalde eit aktivt liv

Med auka kunnskap om korleis du bør møte personar med demens, både i jobbsamanheng og privat, kan utfordringar i din arbeidsdag blir enklare å meistre

Varigheit: 1,5 -2 timar

Når/kvar: Arbeidsgruppa held kurs for di bedrift/organisasjon etter avtale

Kostnad: Kurset er gratis

Bevis: Alle deltakarane får kursbevis

Demensvennlege bedrifter/servicenæring

Når minst 50% av bedrifta sine tilsette har gjennomført kurset, mottek bedrifta eit klistremerke som viser at de har kunnskap om god service for personar med demens. Eit godt synleg klistremerke kan vere eit konkurransefortrinn for bedrifta.

Artikkelliste