Hukommelsesteam

Er du eller nokon av dine nærmaste ramma av sviktande hukommelse eller demenssjukdom? Ved demens  er det viktigaste kjenneteiknet nedsett hukommelse som fører til svikt i evna til å utføre daglegdagse aktivitetar. Ein demenssjukdom omfattar allereie frå starten langt fleire enn den som blir sjuk. Det er som oftast pårørande som observerar dei første adferdsendringane og får mistanke om sjukdom.  

Hukommelsesteamet er ein del av Stryn kommune sitt tilbod til heimebuande personar som begynner å få kognitive utfordringar. Hukommelsesteamet skal sikre at personar med demens og deira pårørande får god utredning, oppfølging og eit godt tilpassa tenestetilbod.

Kva kan teamet hjelpe med? 
-    Bistå fastlege med kartlegging av personar med hukommelsessvikt eller demens
-    Kartlegge symptom og utfordringar knytt til hukommelsesvanskar
-    Gi informasjon om demens
-    Informere om hjelpetilbod og  hjelpemiddel 
-    Gi råd og veiledning om kvardagsmestring / korleis kvardagen kan tilretteleggast 
-    Arrangere pårørandeskule og samtalegrupper
Teamet kan kome på heimebesøk i forbindelse med utredning, kartlegging og veiledning. 

Det er viktig å få gjort ei utredning så tidlig som mulig, for å iverksette riktige hjelpetiltak og behandling, og fatte vedtak og bidra til god oppfølging av den demensramma og pårørande.