Heimesjukepleie/ helsetenester i heimen

Heimesjukepleie er nødvendig helsehjelp i form av pleie og omsorg, førebygging og behandling grunna sjukdom og skade.

Slik hjelp skal bidra til at brukarane kan fungere i eigen heim. Helsehjelpa vert individuelt tilpassa etter søknad og i samråd med brukar. Heimesjukepleie vert ytt etter melding frå søkjar, pårørande, lege eller sjukehus, og vert sett i gang straks det er naudsynt.

Det vert fatta skriftleg vedtak om tildeling av hjelp etter vurdering i tildelingsnemnda.
Det er ingen eigenbetaling for heimesjukepleie.

I heimesjukepleien jobbar ein tverrfagleg i samråd med bl.a. lege, apotek og sjukehus.
Tilrettelegging i heimen kan også vere eit krav utifrå Arbeidsmiljølova. 

Tenesta er delt inn i to område:
Heimesjukepleien i Vikane: Dekkjer Olden, Oldedalen, Innvik, Utvik/Tistam
Heimesjukepleien i Stryn: Dekkjer Hopland, Blaksæter, Stryn, Oppstryn og Loen

Les meir om gjeldande lovverk:


Søknadsskjema (digitalt)

Søknadsskjema (PDF, 295 kB)

(skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn)