Heimehjelp/ praktisk bistand
Heimehjelp vert tildelt personar som på grunn av funksjonssvikt, sjukdom eller skade har behov for personleg/praktisk hjelp eller rettleiing i heimen.
Heimehjelp vert individuelt tilpassa etter søknad. Hjelpa vert ytt i samråd med brukar.
Det vert fatta skriftleg vedtak om tildeling av hjelp etter vurdering i tildelingsnemnda.
Det vert ikkje innvilga hjelp til det søkjar kan klare sjølv, eller det pårørande eller andre kan hjelpe til med.
Prinsipp og kriterie for tildeling av tenester
Betalingssatsar for heimehjelp
Søknadsskjema (digitalt)
Søknadsskjema (PDF, 295 kB)
(skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn)
Les meir om helsetenester i heimen på HelseNorge.
Les meir om gjeldande lovverk:
Sist endra 12.04.2022 13.09